Premium
Premium er for deg som ønskjer ei komplett løysing, der vi tek ansvar for heile prosessen – frå idé til ferdig montert resultat. Hos oss kan du senke skuldrane og vere trygg på at alt blir følgt opp på ein strukturert og oversiktleg måte.
Vi startar med å finne gode løysingar i tett dialog med deg, tilpassa rommet, behova dine og kvardagen din. Prosessen er grundig og samarbeidsbasert, med rom for innspel og justeringar undervegs. Målet er å skape eit kjøkken som kjennest riktig for deg - med god funksjon, gjennomtenkt estetikk og materialval som spelar godt saman.
Når vi saman har landa på eit design du er fornøgd med, tek vi hand om resten. Med erfarne hender og eit skarpt blikk for detaljar blir alt frå produksjon i eigen verkstad i Vevring til ferdig overflatebehandling og montering utført med presisjon, kvalitet og omtanke i alle ledd. Resultatet er ei trygg og smidig gjennomføring frå start til slutt.
Synest du dette ser og høyrest spanande ut?
Vil du vite meir om vegen vidare?
Vi set gjerne av tid til deg og ditt prosjekt.

Spesial Design • Vevring • Fjordavegen 2384 • 6817 Naustdal
© 2026 Natur & Miljøforskning DA