Kundeomtaler

KUNDEOMTALER

Det er ei stor glede å få byggje sitt eige hus sjølve. Når det kom til kjøkkeninnredning skjønte vi at her måtte vi ha proffesjonelle snikkarar. Det fine med SD, er at dei laga skreddersydd kjøkken etter våre enkle skisser. Vi teikna skisser og hadde idear om korleis vi ønska oss kjøkkenet. Dialogen med SD var hyggelig og svært nyttig . Dei enkle skissene og ideene vi hadde ble ved hjelp av SD sin kompetanse på både design og funksjonalitet , omforma til skikkelige teikningar som romma alle våre ønskjer og også langt betre løysingar. Vi lærte mykje gjennom denne prosessen og vår respekt for finsnikkar-faget auka monaleg. Kjøkkenet er no teke i bruk og alt fungerer veldig bra. Herlig med solide, presise skuffer i vakker bjørk. Overskap med glas og med opne hyller er praktisk og fine krus og krukker får vise seg fram. Kjøleskåp , oppvaskemaskin, steikeovn, gassflaske passa alt perfekt inn i solid bjørk. Ventiler i tre gjer at veggen med høgskap går fint inn i interiøret.


Lukka er å skape! Å få proff hjelp til å skape sitt eige er eit stort privilegium.


– Hilde Buer og Anders Braanaas –

"Då vi bygde oss hus tinga vi nytt kjøkken hjå NMForskning. Vi fekk god  hjelp til utforming og tilpassing, og vart veldig godt fornøgd med nivået på handverket, og pris. Dette førte til at vi nytta NMF vidare i prosessen til både vaskeroms- og soveromsinnreiing, og enkeltståande møblar til fleire rom i tillegg. NMForskning leverte gode løysingar på innreiing og møblar, alt saman i kortreist naturmateriale- kan det då bli betre?"


- Armando Silva De Jesus og Elinor Wergeland  -




"Med Spesial-Design har vi hatt muligheten til å designe våre egne innredninger og møbler. Vi har hatt muligheten til å utnytte all plass i et hus som ikke har standard mål og vinkler. I tillegg har de bidratt med fornuftige løsninger og vakre design der det har vært nødvendig, der vi ikke har funnet gode løsninger selv. Designet har vi fått 3D – tegninger av, med prisoverslag med tanke på ulike løsninger og treslag/materialer. Vi har løsninger fra Spesial-Design både i garderobe, kjøkken og bad, og også annen innredning som bokhyller, utemøbler og bord. Kjøkkeninnredningen (som er eldst), har vist seg brukervennlig. Det er brukt solide hengsler og skinnesystem med demping. Ved ombygging av kjøkkenet har vi fått endret design der vi utnytter det vi har, og fått lagt til det vi ønsker.


Inntrykket av Spesial-design er at de er gode tradisjonshåndverkere som henter inspirasjon til nye moderne design fra inn – og utland.   


Vi vil gjerne anbefale Spesial-Design for andre"


- Mia og Stian Thingnes -




Vi kontakta Spesial-Design for å få hjelp til å fornye eit bad som var nedslite etter over 30 års bruk. Etter eit møte med Linnea i S-D fekk vi sendt over forslag i 3D til ny innreiing, med ulike alternativ til utforming, material og fargar. Innreiinga var spesialtilpassa våre behov med mange praktiske detaljar, i eit lite rom.


Vi foreslo endringar og fekk tilbake eit nytt forslag i samsvar med ønska våre.


Rune og Alisander frå verkstaden i Vevring tok mål av badet, og dei produserte, leverte og monterte innreiinga til avtalt tid, og i samarbeid med snikkar og røyrleggar som gjorde det andre arbeidet. Vi fekk også rask og god oppfølging då vi bad om nokre forbetringar etter at innreiinga var montert.


- Siw Heggedal og Ivar Longvastøl, Naustdal -